søndag 24. februar 2008

Språk og Identitet

Menneske er nokre kranglete organismar som diskuterer alt ifrå sokkemotar til den ideelle konsistensa til kvitosten, og dei pleier ikkje gje seg før opponenten har eti orda sine så vel som sokkane. Alle har ein identitet vi klamrar oss til, og han følgjer oss uansett kvar vi gøymer oss. Eg forsøkte i går å springe frå han, men han var ein mykje betre løpar enn eg hadde trudd. Nå skal eg som eit siste desperate forsøk på å kvitte meg med identiteten min, forsøkje å krangle han i senk – som alle sømmelege menneske ville gjort. Det finst mange som seier at språk er identitet, men dei bør ete orda deira. Språk er det einaste vapen som kan overvinne identiteten, om ein veit korleis ein skal bruke det, og eg veit.

Ein venn av meg kommenterte for nokre dagar sia at eg skriv og talar tilnærmingsvis likt bokmål, sjølv om eg opprinneleg kjem frå Vestfold. Personleg hadde eg ikkje lagt merke til at eg tala så fint, men då eg samanlikna meg med han, fann eg ut at eg sa korkje ”bilær” eller ”båtær”, men ”biler” og ”båter”. Vennen min spurde meg om eg hadde budd på ein anna planet heile livet, og eg tenkte litt over det, medan vennen la ut om at eg burde skamme meg over at eg hadde neglisjert identiteten min. ”Kva for ein identitet?” spurde eg meg sjølv. Heile livet mitt hadde eg lesi bøker på bokmål, og som ein liten gut følte eg aldri for å vere med dei andre galningane som sprang rundt og sa ”bilær” og ”båtær” som om dei åtte språket. Eg isolerte meg frå omverda, og begynte å skrive tekstar på bokmål for å frelse verda frå denne forferdelege utviklinga. På desse åra har eg nok bare begynt å tale bokmål. Då eg forsøkte å seie dette til vennen min, starta han å slå meg i hovudet med nokre ”lekebilær”, som han tilfeldigvis hadde med seg. Eg tok til motmæle, og begynte å slå han i hovudet med ei ordbok. Han svima av før meg, så eg reknar med at eg vann diskusjonen.

Eg er av natur glad i språk. Som liten forstod eg at forskjellige språk gav forskjellige mogelegheiter, og avgjorde at eg måtte lære meg engelsk i tillegg til bokmål. Stor var då overraskinga då eg sa til systera mi før vi skulle på butikken: ”Are you ready? Let’s go!” Eg var fem år. Sjølv om eg i ein ung alder begynte å lære meg eit anna språk, har eg alltid vori nøye med å halde dei to språka åtskild. Nokon seier at dette er ein frykteleg konservativ haldning, og at språket uansett er i konstant utvikling utan at vi kan gjere noko med det. Ålreit, språk utviklar seg heile tida, men då europearane for fyrste gang kom til Amerika og forsøkte å øydeleggje heile indianer-kulturen, kunne ein nok seie at han bare var i utvikling. Øydelegging er tross alt ein naturleg utvikling, og det er ingenting gale med det, vel?

Eg forstår kvifor menneske seier at språk er identitet, fordi språket faktisk er det som lærer oss å tenkje og formulere draumane våre – og kva ville vi vori utan dei? I dag kan eg tale norsk og engelsk reint, men også ein gebrokken spansk, og eg ser på kvart språk som eit musikkinstrument. Alle instrument uttrykkjer dei same tonane, men dei uttrykkjer dei på helt forskjellige vis, og om ein prøver å gjenskape tonane til eit piano på trommer, vil det bare verke mot hensikta si. Eg veit kva for nokre instrument eg spelar, og kjenner dei lydane dei lagar i symfonien som verda er.

Namnet mitt er Daniel. Eg kjem frå Vestfold, men talar og skriv bokmål. Sjela mi ligg i bokmålet, og eg vil alltid seie ”biler” når eg blir spurt om kva dei dingsane med fire hjul blir kalt. Utan bokmål hadde eg ikkje hatt nokon identitet, men den vil eg veldig gjerne behalde utan at nokon skal seie at eg må skrive eller tala annleis.

Oi, eg har visst skrivi heile denne teksten på nynorsk. Der øydela eg identiteten min, gitt. Pytt, pytt, eg kan alltids skaffe meg ein ny.

3 kommentarer:

Anonym sa...

jeg kaster meg bokstavlig talt i støvet og tilber deg.. Måten du skriver på er så beundringverdig.

Ingeborg sa...

Eg har nynorsk som hovudmål. Bra skrive. Enkelte ord her og der som eg ikkje ser så ofte. Nynorsken har endra seg i løpet av dei 12 åra eg har gått skule. Eg prøvar meg ofte på bokmål, men det endar opp med stavefeil. På nynorsk er det berre å endre setninga i staden for å bruke ord som opprinneleg er dansk, tysk eller engelske.

Generation Terrorist sa...

Takk for det. Jeg har ikke noe imot å lese nynorsk, men jeg er ikke så glad i å skrive det, og derfor tenkte jeg at jeg måtte ty til ironien på en heldagsprøve vi hadde i nynorsk, og dette er resultatet. :)